Bykle bru

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykle bru

Bykle bru er ei 72,10 meter lang bogebru over Otra nedanfor Bykle kyrkjebygd. Ho vart oppført i betong i 1960. Brua blir og kalla Sveigefossbrua, ettersom ho går over Sveigefossen. Det var Betongbygg som bygde brua, dei starta 1. august 1960, og brua var ferdig innan fristen 1. desember 1960. Til brua gjekk det med 400 m³ betong. Oppsynsmann for arbeidet var Knut Lien frå Bykle.

Bykle bru kom i nyhetsmedia i november 2014 i samband med at det vart oppdaga grafittikunst på eit brukar.

Kjelde

Sjå også