Oddmund Strømstad
Oddmund Strømstad | ||
---|---|---|
![]() | ||
Foto: Moisund.com
| ||
Født: | 19. desember 1944 | |
Død: | 21. mars 2020 (75 år) |
Oddmund Strømstad (fødd 19. desember 1944, død 21. mars 2020) var pensjonert lagerarbeider frå Forsvaret. Han budde på Strømstad mellom Hestvåg og Hannås i Hornnes og var gift med Ingveig Strømstad.
Oddmund arbeidde mest heile yrkeslivet som sivilt tilsett lagerarbeider i Forsvaret, i fjellhallane i Hannåsfjellet. Der hadde faren, Olav Strømstad, arbeidd før han.
I heile sitt vaksne liv var Oddmund ein pådrivar i barne- og ungdomsarbeidet i Moisund-bygda. Han var ein ivrig og dyktig hobbyfotograf, som var flink til å dele bileta sine med andre gjennom nettstaden Moisund.com og andre stader der det høvde.
Oddvar Strømstad budde på Evjeheimen den siste tida. Han etterlet seg kona Ingveig, barna Torhild Strømstad, Odd Magne Strømstad og Kjell Rune Strømstad, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie og venner. Gravferda var i det stille frå Hornnes kyrkje med dei næraste til stades. Like kjært som blomarvarei gåve til Moisund bedehus.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 510-511
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 23, 2020 side 2