Storstraumen rasteplass
Hopp til navigering
Hopp til søk

Storstraumen rasteplass er offisielt opna! Frå venstre Anna Stella Karlsdottir (Setesdalsmuseet), ordførar i Bygland Leiv Rygg og avdelingsdirektør i Statens vegvesen Erling Jonassen.
Foto: Geir Daasvatn

Storestraumen 2006.
Foto: Reidar Tveito
Storstraumen rasteplass er ein ny rasteplass på Riksveg 9 på vestsida av Otra ved Storstraumen i Bygland. Rasteplassen blei bygd av Statens Vegvesen i 2016-2017, etter at ein tidligare rasteplass ved slusene var blitt stengt i 2013 på grunn av trafikkfare. Det er også bygd ny gangveg frå slusene til rasteplassen. Byggekostnaden var rundt 5 millionar kroner. Offisiell opning var lørdag 17. juni 2017.
Kjelder
- Jan Olsen: Utan noko alternativ til den populære stoppestaden: Rasteplassen ved Storestraumen stengt, artikkel i Setesdølen nr. 40, 2013, side 5
- Vil bruke vinkelslipar ved Storstraumen, Setesdølen nr. 43, 2013, forsida
- Sigurd Haugsgjerd: Storstraumen: -Toppen på idioti å stenge rasteplassen, Setesdølen nr. 43, 2013, side 3
- Artikkelen om Storstraumen på Wikipedia, besøkt 12. juni 2017
- Artikkel om Riksveg 9 og løyving av pengar til ny rasteplass ved Storstraumen i revidert statsbudsjett for 2016 på nrk.no
- Johs. Bjørkeli, Bjoren (150) feiret fra ny rasteplass, artikkel i Fædrelandsvennen 19. juni 2017, side 11