Støylsbua (Huldreheimen)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Støylsbua frå Finndalen.
Foto: Geir Daasvatn
Støylsbua er ein av seks bygningar i friluftsmusèet Huldreheimen i Bykle. Bua er frå Heddestøyl i Finndalen i Valle. Anton Raabe kjøpte bua av Knut Myrum i Tveitebø i 1943. Ho blei sett opp i Huldreheimen etter krigen, av selgaren sjølv. Mykje tyder på at bua er svært gamal, utan at ein nøyaktig alder så langt er fastsett.
Kjelder
- Setesdalsmuseet, Bykle - Hovden jernvinnemuseum, Huldreheimen, Lislestog/Bykle kyrkje, brosjyre
- Om Huldreheimen på heimesida til Setesdalsmusèet
- Olav M. Holen, Soga om Huldreheimen, utgjeve av Setesdal Sogelag, 2022, side 18–21