So gjekk me kledde i Råbyggjelaget

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Setesdølar i Kristiansand
Foto: A. B. Wilse 1904

So gjekk me kledde i Råbyggjelaget er ei av dei faste utstillingane på Setesdalsmuseet sitt sentralbygg på Rysstad. Ho står i utstillingssalen øverst i bygget. Ved inngangen til utstillinga ligg det ark med utfyllande informasjon på norsk, engelsk, tysk og nederlandsk.

Utstillinga er bygd opp rundt eit steingjerde, og det første som møter publikum er Paal-Helge Haugen sitt dikt (steingjerde). Det er og to kolorerte postkort der, eitt frå Ose, teke av Axel Lindahl ca. 1890 og eitt som viser «Setesdølar i Kristiansand», teke av Anders Beer Wilse i 1904. Sjølve utstillinga er organisert i fem tablå og ein bås der ein kan sjå filmen Eit anna Setesdal, produsert av Ingmar Brokka Rike. Her heng og maleriet Jonsokkveld Frøysnes måla av Lars Osa.

Tablå «Kvardagsliv»[rediger]

Frå utstillinga

Her syner utstillinga ei mor som sit ved veven. Kvit stakk var kvardagstøy, om ein trong det for arbeidet si skuld, brukte kvinnene eit forkle over stakken. To barn sit med lekser. Barneklede var like dei vaksne sine klede og barna fekk dei så fort dei var turre. Mannen i huset lagar tresko. På veggen heng fem bilete:

  1. Klesvask i Nordbygda i Bykle ca. 1950
  2. Saueslakting i Bykle ca. 1910
  3. Flatbrødbaking på Ose.
  4. Bordsete.
  5. Amming

Tablå «Dåp og konfirmasjon»[rediger]

Utstillinga syner ein konfirmant frå Bygland og ein frå Valle. Byglandsjenta har sarseplagg rundt skuldrene. Vallejenta har forkle av lin med hekla mønster. Kvinna har sølvbora stakk og silkeplagg. Barnet er reiva. Bak heng det eit kyrkjetjeld og fire bilete:

  1. Konfirmant Valle 1919
  2. Konfirmant Valle 1933
  3. Byglandspresten Reidar Bolling med konfirmantar ca. 1940
  4. Barnedåp i Valle 1939

Tablå «Død og gravferd»[rediger]

Gamlemor sit ved den heimelaga kista. Over kista ligg det eit tjeld sauma saman av tre lengder, symbol på den treeinige Gud. Oppå er det salmebok og stearinljos. Gravferda var frå heimen tidlegare. I dette tablået er det fem bilete, dei to fyrste er tekne av Knut Jonson Heddi og dei andre av Jon Løyland:

  1. Gravferd Rysstad 1917
  2. Gravferd Rysstad 1917
  3. Gravferd Valle 1949
  4. Gravferd Helle 1934
  5. Gravferd Helle 1934

Tablå «Bryllaup»[rediger]

Til venstre ser ein brurefølgje på fire personar. Brura er kledd med raud stakk øverst, under har ho kvit og svart stakk. Brudgommen er i dalebukse og har lusekofte for å halde varmen. I tablået er det og ein spelemann og på bordet står ølbolle. Ei av gjestene har Ivelandsdrakt med kvitt skaut. Lengst til høgre er ein gjest frå Fjellgardane. Kleda hennar er Fjellgardsdrakt. Tablået har fem foto:

  1. Bykle kyrkje ca. 1925
  2. Brurefølgje på veg til Valle kyrkje 1941
  3. Bryllaup Bygland ca 1890
  4. Bryllaup Valle 1929
  5. Skåp og kvile frå Viki i Valle kjøpt av Norsk Folkemuseum ca 1912

Tablå Drakter frå Evje prestegjeld[rediger]

I monteren er det vist fleire draktelement frå Evje prestegjeld som mellom andre har tilhøyrt mor og bestemor til seinare statsminister Jørgen Løvland. Heilt til høgre er ei drakt som har tilhøyrt Olaug Grostøl frå Hornnes. Også her er det fem foto:

  1. Thomas Undeland ca. 1875
  2. Ektepar frå Hornnes
  3. Frå Lislevand i Vegusdal
  4. Siri Tarjeisdtr. Haugen og borna hennar, ca. 1875
  5. Siri Tarjeisdtr. Haugen og borna hennar, ca. 1875

Kjelde[rediger]

  • Informasjonsark frå utstillinga