(steingjerde)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

(steingjerde) er opningsdiktet i Paal-Helge Haugen si bok Steingjerde frå 1979. Diktet har sju strofer. Anniken Greve kommenterer strofene slik: «Fortiden er gjengitt under inntrykket av tidsavstanden i strofene 1 til 5, mens nåtiden er framstilt på en måte som gjør fortiden nœrvœrende i strofe 6 og 7.»

Diktet er brukt som illustrasjon på Setesdalsmuseet si utstilling So gjekk me kledde i Råbyggjelaget, der diktet er det første som møter publikum i utstillingsromet.

Diktet

(steingjerde)


det var steingjerda
som batt verden
saman


strake band frå elva
til fjellet
varme å sitje på
i sommarkvelden


steinene kila inn
mot kvarandre
med uendeleg tolmod:
tid og nevar


slåtteteigane tett inn til gjerdet
fullmogne og klare for ljåen
tykk eng mot stein:
slik fekk vi først sjå
at det er mogeleg
å forandre verden


dei gamle slo kvart einaste strå
og raka vel etter seg
etterpå kvilte dei
studde seg mot steinen
som ryggen til ein gamal ven


ennå er dei der
over steinlinjene i landskapet
hender
usynlege i lufta
som vengeslag
om du vågar nœrme deg


dette er slitets steinar
dette er historiens skrift

Nokre kommentarar

I sin analyse av diktet seier Anniken Greve at ein i første fase, som er tilbakeskodande, møter barndomslandskapet og at steingjerdene er bindingsverket i dette landskapet. Andre strofe gjer dette tydelegare og syner korleis steingjerda skapar ei sosial verd. Det er likevel sett i eit vidvinkelperspektiv, i dei neste strofene blir dette perspektivet snevra inn og vi ser sjølve steingjerda: Kva som må til for å lage dei og kva steingjerdet legg grunnlaget for. Den femte strofa er den einaste forteljande strofa i diktet.

Dei to siste strofene er diktet si nåtidsfase. Biletet er av hendene som i fortid bygde steingjerdene for mange år sidan og slik la grunnlaget for livet i dag. Anniken Greve skriv: «Vi kan se i diktet ikke bare et bilde av tilværelsen på de indre bygdene på 50-tallet i Norge, men like mye strevet til intellektuelle på 70-tallet med å gi dikterisk form til en politisk omveltningsvisjon som samtidig var lojal mot den småkårsverdenen de kjente. At diktet er forankret i sin egen tid på denne måten hindrer det ikke i å kvalifisere som tenking om tid, for oss, for vår tid.» Så konkluderer ho: «For oss er historiske tidsskiller en realitet, og Paal-Helge Haugens dikt kan leses som en tekst som eksponerer og reflekterer over et slikt tidsskille. Den artikulerer både tapsdimensjonen og håpet som knytter seg til muligheten for historisk forandring, uten å ha funnet fram til forsoning mellom de to.»

Eksterne lenker