Axel Krogh
Axel Krogh (fødd 1892 i Holum, død 31. desember 1979 i Valencia, Spania) var ein norsk forfattar som store delar av livet budde på Langeid i Bygland. Han var son av målaren Asor Hansen (f. 1862, d. 1929) og Ane Kirstine Jensen von Krogh (f. 1861, d. 1919), som kom frå overklassa i Danmark.[1]
Axel Krogh var ein produktiv forfattar, og skreiv 15 romanar i tidsromet 1921-1939. I 1940 melde han seg inn i Nasjonal Samling. Han melde seg ut igjen same året, og tok i løpet av krigen avstand frå nazismen.[2] Etter krigen blei han frikjend for landssvik. Men han blei støytt ut av «det gode selskap», og blei ekskludert frå Den norske forfattarforeninga. Han slutta å skrive, og gav ikkje ut bøker etter 1939. Historikaren Johnny Haugen kallar han «den gløymde forfattaren».[3]
I 1963 selde Krogh eigedomane sine i Bygland og flytta bort. Han døydde i Valencia i Spania og er gravlagd der.[4]
Bibliografi[5][rediger]
- Avdrift, 1921
- Stålisen, 1922
- Muld og Stjerner, 1923
- Utenfor Grinden, 1924
- Foged Carolius, 1925
- Jomfruen Hjerte, 1926
- Vagle, 1927
- Turid Dorge, 1928
- Kjærlighetens Krønike, 1929
- Skibet, 1930
- Åsgrim Undbjørges Arv, 1931
- Høst over Tordstun, 1932
- Den røde strid, 1933
- Sannsoga um Gildeteigen, 1936
- Det spiller i Haugen, 1939
Kjelder[rediger]
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 176-178
Referansar[rediger]
- ↑ Johnny Haugen, Axel Krogh (1892-1979) - Den gløymde forfattaren, artikkel i Agder Historielag Årsskrift nr. 89 2017, side 128
- ↑ Årsskrift nr. 89, side 138-139
- ↑ Årsskrift nr. 89, side 127
- ↑ Årsskrift nr. 89, side 127
- ↑ Årsskrift nr. 89, side 131