Setesdalslaget i Oslo

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Setesdalslaget i Oslo har som mål å samle utflytte setesdølar og vil bygge på den felles kulturen dei har vakse opp med. Gangarkurs, kvedarkurs, t-skjorteproduksjon og samlingar er aktuelle aktivitetar. Laget vart reetablert 28. oktober 2009 etter at det hadde blitt lagt ned nokre år tidlegare.

Styret[rediger]

Aktivitetar[rediger]

  • Fest 12. desember 2009 frå 19 til 01 i Halli i Nordahl Bruns gate. Ansvarlege: Vetle Toreid og Sveinung Skjevrak.

Då laget vart stifta i 1945[rediger]

I tidlegare tider hadde setesdølane frå dei øvre bygder samla seg med dei i Telemarkslaget, medan dølene frå dei ytre bygder søkte til Sørlandslaget. Aslak Lidtveit hadde ivra for å samla folk frå dalen i eitt lag, og i byrjinga av desember 1945 kom omlag 50 intressera saman for å stifta eit eige lag i hovudstaden. Sæbyggjelaget var fyrst framlagt som namn, men ein samla seg om Setesdalslaget i Oslo, og at lagsbladet skulle heita Sæbyggjen.

Den sjølvskrivne formannen Aslak Lidtveit kunne ikkje vera til stades denne kvelden, og han hadde også bede om å sleppa formannsombodet. Difor vart val av styre slik:

Ei av sakene ein straks sette i sving, var ei pengeinnsamling til eit minnesmerke over dei setesdølane som fall for fiendehand under denne krigen: Knut Bø, Bjørgulv Rysstad, Sigurd Rysstad, Arne Scheie og Nere Aakhus.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]