Jon Berg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jon Berg
Født: 12. oktober 1917
Død: 3. januar 2005 (87 år)

Jon Berg (fødd 12. oktober 1917 på Berg i Hylestad, død 3. januar 2005 i Lunde i Telemark) var misjonær og predikant i Norsk Luthersk Misjonssamband. Han gjekk ut av Hornnes landsgymnas i 1937. Etter å ha reist som predikant ei tid, starta han på Misjonsskulen på Fjellhaug. I 1946 reiste han til USA og frå 1947 til 1949 var han misjonær i Kina . Deretter var han forkynner i Norge til 1962, då han tok lærarutdanning og vart adjunkt. Han var så lærar fleire plassar i landet.

Han var siden knytt til Norsk Luthersk Lekmannsmisjon som fritidsforkynnar.

Han har skrive sangen Krossen.

Familie[rediger]

Jon Berg var yngste son til Arne Gunnarsson Bjørgum og hans andre kone, Margit. Han var gift med Berit Berg, født Mjaaseth, som var sjukepleiar i 1946. Dei hadde barna Arne, Margit, Øystein og Solveig.

På ei samling for etterkomarane etter Jon og Berit, hadde Bjørgulv T. Berg eit innlegg. Notatane han brukte til innlegget har vi fått leggje ut her:

Misjonær Jon Berg: Ein rothoggen setesdøl[rediger]

Slik har ein omtala Jon etter den store vekkinga som han fekk stå i Trondheim 1956/57. Men først litt om der han vaks opp: Berg i Garo som me seier.

Jon og min far var både grannar og tremenninger. Jon var yngst i kull nr. 2 og det var såleis heile 31 år mellom eldste og yngste mann. Det var små garder her. Heile sommaren var dyr og menneske på støylane, der kyr, sau og geit henta åt saftigt gras, medan andre slo gras, som vart turka og sett i høystakkar. Fast arbeid vinteren igjennom var med hest og slede å få høyet heim til gards.

Eg har vakse opp mange år seinare, men for såvidt ikkje så veldig annleis: Dei aller fleste var småbønder, det var tre telefoner og ein som hadde bil. Det var ingen rike i Garo. Det var lite usemje om eigedom og svært godt samhald.

Jon var nok ikkje etla til fysisk arbeid. Han vart ikkje slåttekar, det var liksom eit skikkeleg mannsyrke. Jon breidde etter dei som slo, det var lettare arbeid. Kanskje fordi han var yngst var det slik.

Jon måtte vere skoleflink, eg veit om tre som gjekk på gymnaset(vidaregåande) og ein på lærarskulen omlag på same tid som han. Det var mange som gjekk på landbruksskolen eller reiste på Hunsfoss, Kolsdalen eller Lumber.

Eg veit ikkje når Jon fekk kall til å bli misjonær. Kanskje sat han og høyrde på Setesdalens apostel, Severin Tobiassen frå Birkenes som hadde store vekkingar i åra etter krigen. Jon gjekk etter gymnaset på Fjellhaug i Oslo Dette var Misjonssambandet sin bibel og misjonsskole. 28 år gamal reiste han saman med Berit til Amerika for å vidare språk og bibelstudier. Her vart Arne fødd og etter avslutta studier her reiste familien til Kina.

Erik Kjebekk fortel at då Jon kom ut, var misjonsfelta delvis i oppløsing, dette på grunn av at kommunistane hadde tatt makta i landet. Det er vel lett å tenke at opphaldet som misjonær ikkje vart som tenkt. Jon byrja som forkynnar heime i Misjonssambandet og her har sikkert Margit, Øystein og Solveig betre kjennskap til dette enn eg.

Sidan eg har vakse opp med predikanter som eit meir eller mindre fast innslag heime, ein plass måtte dei bu, og gått mykje på bedehuset trur eg at det ofte var slik:

Predikanten kom til si eigne og det var ikkje mange som var usamde med det som vart sagt frå prekestolen. Som med mange andre yrke er dette og eit yrke som nok ikkje har same status idag som før. Det var nok nokre som såg på predikanten som nesten ufeilbarlig. I min barndom var det gamlefestar, juletrefest for barn og ein annan for vaksne. Basar var av dei større arrangementa i bygda, der «alle» anten du gjekk på møte elles eller ikkje.

Det er nok alle predikanter sin store draum, å få oppleve at det samlast mange rundt talarstolen din. Det oppleve Jon i Trondheim 1956/57. Forsamlinga hadde blitt stifta så tidleg som 1901. Eg kan tenke meg at det var stort for Jon å stå på same preikestolen som ein annan av «høvdingene» i Misjonssambandet hadde gjort , rett nok mange år tidlegare, Johannes Daasvand. Jon var svært musikalsk, ein god forkynner og flink til å organisere. Her vart lokala etter kvart for små, dei måtte til slutt leige studentersamfunnet for å få plass til alle som kom.

Arven som Jon bygde på var etter den svenske predikanten Rosenius, som prega bedehusforkynninga.

Det er og flott å høyre at han heldt på dialekten sin uansett kva landsdel han var i. I 1954 tala Jon i Forbundssalen i Oslo. Blant tilhøyrarane sat Trygve Bjerkreim, mannen som har skrive omtrent 15000 dikt og songar+ 30 bøker. Han sa sjølv at han skreiv eit dikt kvar dag for å halde vedlike diktarevna. Kven kjenner vel ikkje «Han tek ikkje glansen av livet»?

I talen sa Jon: «Den mektigste fronten i verda er fronten med de folda hender». Bjerkreim skrev dette på ein lapp for ei tid etterpå å dikte songen «Det er makt i de forlede hender». Vi kan høyre på den med Sigvart Dagsland.

Kjelder[rediger]