Liv Bakke Kvinlog

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Liv Bakke KvinlogSymbol unrelated.svg
Født: 5. juni 1983 (37 år)

Liv Bakke Kvinlog (fødd 5. juni 1983) er generalsekretær i Dissimilis frå 2009. Ho vaks opp i Valle, der ho budde frå ho var 3 til ho var 16 år. Sidan vart det vidaregåande skule og deretter tok ho bachelor i utøvande teater i Trondheim før ho drog til Oslo og tok ein bachelor i kreativitet, innovasjon og forretningsutvikling.

Alt medan ho budde i Trondheim, engasjerte ho seg for utviklingshemma og starta ei gruppe der saman med ei venninne. I Oslo engasjerte ho seg i Dissimilis og før ho tok til som generalsekretær, hadde ho i tre år vore instruktør i dans, vokal og band. Som dagleg leiar for organisasjonen på nasjonalbasis skal ho halde seg orientert om kva som skjer rundt i landet og inspirere til innsats.

Liv Bakke Kvinlog er også kjent som inspirator og pådrivar for plata Uteliggernes sang, ei plate som tre narkomane song inn. Det vart laga film om det prosjektet, den vart vist på NRK2 19. desember 2010.[1]

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

Eksterne lenker[rediger]