Rekordfestivalen 2013

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Rekordfestivalen 2013 vart arrangert 23. og 24. august 2013 på Hegni friluftsområde på Hovden. Her er eit triveleg festivalområde med bjørkeskog, Hartevatn og fjella rundt som kulissar. Alt skjer ute, det har vore alt frå «tropevarme» til horisontalt regn tidlegare, og uansett om det er shorts om dagen så er dunjakka og lua god å ha om kvelden.

Bykle Breiband riggar til trådlaus internettsone på festivalen, så ein kan dele bilete på sosiale medier. Det er mobile toalett på festivalområdet, i tillegg til at det er toalett i kioskbygget utanfor området. Det er 18-års aldersgrense på Rekordfestivalen. Food For Your Mood står for matserveringa. På menyen står mellom anna Fjellkebab med kjøt frå Fjellgarden Hovden, wok og quesedilla.

Program[rediger]

Fredag 23. august
  • 18.00 Festivalområde og servering opnar. Musikk, aktivitetar og hygge :)
  • 20.30 Konsert med Fjellfolk
  • 22.00 Konsert med The 2nd Hand Band
  • 01.00 Baren stenger, velkomen til aktivitetar og hygge i morgo!
Laurdag 24. august
  • 11.30 - 14.30 Felles fjelltur til Hartevassnutane. Oppmøte på festivalområdet.
  • 11.30 - 16.00 Moglegheit for å prøve "Stand Up Paddle" i Hegni. Me låner ut brett, drakt og vest.
  • 11.30 Festivalområdet opnar. Open bar og sal av mat frå Food For Your Mood. Musikk og aktivitetar.
  • 13.30 - 15.00 Andeløp i Otra. Oppmøte på festivalområdet. Kjøp and kr 30,- i billettbua.
  • 15.00 - 16.00 Felles tur i "barfotløypa". Oppmøte på festivalområdet.
  • 17.00 Konsert "Murtebandet"
  • 17.30 Konsert Ruby Red & the Moonshine Brothers
  • 19.00 Konsert Billie Van
  • 20.30 Konsert Violet Road
  • 22.00 Konsert Mikhael Paskalev
  • 01.00 Baren stenger. Takk for i år!

Sjå også[rediger]

Eksterne lenker[rediger]