Ingvild Hovden
Ingvild Hovden![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Født: | 17. april 1978 (47 år) |
Ingvild Hovden (fødd 17. april 1978) har tidlegare vore prosjektleiar i Bykle & Hovden Vekst og sals- og marknadsansvarleg på Hovden Resort. I 2010 starta ho Hovdenkontoret, der ho mellom anna tek på seg rådgjeving, prosjektleiing, marknadsføring, skriving av byggjesøknader og meir. Ho var festivalsjef for Rekordfestivalen frå 2008 - 2016. Ho var prosjektleiar for HovdenTour frå oppstarten i 2012, og blei tilsett som dagleg leiar i 2016. Etter rennet i 2018 slutta ho som dagleg leiar her for å få meir tid til andre oppgåver. I tillegg er ho styreleiar for Bykle Breiband. Ho var også styremedlem og styreleiar for Sørf - Sørnorsk kompetansesenter for musikk i perioden 2014 - 2017.
Ho har bachelorgrad i offentleg administrasjon frå Universitetet i Agder, og utdanning innan prosjektleiing og styrekompetanse frå BI.
Ingvild er dotter av Gerd Fosse Hovden og Bjørgulv H. Hovden.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Har opna Hovdenkontoret. Artikkel i Setesdølen nr. 37, 2011 side 4
- Vil drive Hovdenkontoret på heiltid. Artikkel i Setesdølen nr. 3, 2013 side 5
- Sluttar som HovdenTour-leiar, stykke i Setesdølen nr. 29, 2018, side 12