Ragna Kallhovd
| Ragna Kallhovd | ||
|---|---|---|
| Født: | 18. desember 1926 | |
| Død: | 7. september 2018 (91 år) | |
Ragna Kristine Kallhovd (fødd 18. desember 1926 i Åseral, død 7. september 2018 ) fekk Frivillighetsprisen i Evje og Hornnes kommune 2012 under ei markering av det frivillige arbeidet i kommunen laurdag 10. november 2012. Ho flytta til Støylen i Hornnes i 1960 og engasjerte seg i Hornnes Husmorlag og deira arbeid for folk som budde på Hornnesheimen. Frå 1982 til 2012 hadde ho kvar veke tur med handlevogn til bebuarane på heimen og då gamleheimen der vart lagd ned, flytta ho rundane sine til Evjeheimen. Etter at helsa svikta i april 2012, måtte ho slutte med trillevogna, men ho er framleis engasjert som besøksvenn.
Då ho døydde, budde ho på Evjeheimen. Ho etterlet seg barna Bitteba, Kjell Ove Kallhovd og Tom Åge Kallhovd, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Hornnes kyrkje fredag 14. september 2018 klokka 13. Like kjært som blomar var ei gåve til Frelsesarmeen. Den kunne gjevast i kyrkja.
Ragna var gift med Sven Olson Kallhovd, som var død før henne.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Frivilligpris til Ragna Kallhovd (86). Artikkel i Setesdølen nr. 90, 2012 side 7
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 66, 2018 side 2
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 237 nederst