Røyrtveit naturreservat

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det er svære dimensjonar på grantrea i feltet.
Ein gamal trestubbe på den frodige skogbotnen.
Foto: Geir Daasvatn
Naturreservatet er merka med skilt rundt heile området.
Foto: Geir Daasvatn

Røyrtveit naturreservat («Den freda åsen», «Urskogen») er eit 49 dekar stort freda barskogområde, ein urskog, mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Fredingsvedtaket vart gjort så tidleg som 21. juli 1917. Det var det aller første naturområdet som blei freda i Agder, og eitt av dei første i Noreg. Grunnen høyrde opprinneleg til Evje (Prestegarden), men grunneigar i området i dag er Trygve Jokelid.

Feltet ligg 520-550 m.o.h. Det er ein skogkledd ås med smale bakkemyrer rundt. Skogen har stått urørt minst sidan 1917, men truleg endå mykje lenger tilbake, og har fått skjøtte seg sjølv. Eit tjukt lag av råhumus dekkar difor skogbunnen. Området har eit tydeleg urskogpreg, med tre i alle aldrar. Det ligg en del vindfall rundt omkring, og ikkje så få av trea er turka ut. Gran er det dominerande treslaget. Nokre av grantrea i feltet må vere mellom dei største i heile kommunen - om ikkje dei aller største. Både tverrmålet og høgda er av umåtelege dimensjonar. Det veks og osp, bjørk og furu av store dimensjonar i skogen. Men furutrea har temmeleg flat krone (fjellfuru), og er ikkje uvanleg høge.

Røyrtveit-skogen er ein av dei få, om ikkje den einaste urskogen på Agder. Rundt feltet er det sett opp merkestolpar med skilt som syner at området er freda som naturreservat etter naturvernlova.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Zoom inn for å sjå namn (trykk på +)

Laster kart...