Prestefossen tursti med hengebru
Prestefossen tursti med hengebru er eit statleg sikra friluftsområde med eit nett av turstiar på begge sider av Prestefossen i Otra i Valle kommune, mellom gardane Nomeland på vestsida av elva og Sagneskar på austsida. At anlegget er statleg sikra inneber at det blir bygd med statleg stønad, og skal vere tilgjengeleg for allmenn ferdsle til «evig» tid. Turstien stod ferdig i 2016, samstundes som Prestefossen hengebru blei opna etter totalrenovering.
Prestefossen tursti er eit spennande turområde med stiar av ulik kvalitet og lengde. Tanken bak er at det skal vere noko for alle, uavhengig av alder, form og funksjonsnivå.
Anlegget har fått om lag 1,7 millionar kroner i statleg støtte gjennom den nemde ordninga. Valle kommune fekk i 2015 også godkjent ein søknad om 1 million kroner i spelemidlar til prosjektet.
Kjelder
- Torunn Charlotte Nyberg, kulturleiar i Valle kommune, opplyst på Facebook-sida til Setesdalswiki, 17. januar 2016