Olav Uberg
Olav Uberg | ||
---|---|---|
![]() | ||
Født: | 20. april 1912 | |
Død: | 24. april 1985 (73 år) |
Olav Uberg (fødd 20. april 1912, død 24. april 1985) var sokneprest i Bygland frå 1959 til 1980 og konstituert prost i Otredal prosti frå 1967. Han var frå Randesund, son til lærar Kjetil Uberg og kona Inga Karoline, fødd Benestad. Olav Uberg vart student i 1932, cand.theol. i 1938 og fullførte praktikum i 1940. Han arbeidde først som lærar, men vart så tilsett i Sørlandet krets av Finnemisjonen i 1942. I 1943 dreiv han så menighetsarbeid under Den midlertidige kirkeledelse i Langesund. Etter krigen vart han så prostiprest og styrte ledige kall i Sør-Hålogaland bispedømme før han kom tilbake til Sørlandet i 1948 og vart prostiprest i Otredal. Frå 1950 var han prest i Gjerstad til han i 1959 kom til Bygland.
15. april 1946 gifta han seg i Trondheim med Hjørdis Uberg, fødd Østrheim 1916 frå Laksevåg. Dei fekk barna Arne Uberg og Ulla Uberg.
Kjelder
- Reidar Bolling: Norges prester og andre teologiske kandidater. Oslo 1949 side 443 og utgave 1957 side 457
- Prester i den Norske kirke og andre teologiske kandidater Land og kirke, Oslo 1974 side 275
- Om Olav Uberg hos geni.com
I sitt rette element november 1966 tatt av ein amerikansk slektning spelemannen Knut Sørensen då gan var heime ifrå Amerika
Galleri
Bileta nedanfor vart skaffa av Knut William Bygland
- Olav Uberg på preikestolen i november 1966.Foto: Knut Sørensen
Frå venstre Hjørdis Uberg, Arne Uberg og Martha Østreim (søster til Hjørdis). Olav Uberg bak og Ulla Uberg med sløyfe framme
Konfirmasjonsselskap i Bygland. Frå konfirmasjonen til Bjarne Neset. Ubergs familie lengst til venstre.
Minneord i Setesdølen nr. 32, 1985. Utklipp skaffa frå Anne Haugen