Ole Gunnar Sæbø

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Gunnar SæbøSymbol unrelated.svg
Ole Gunnar Sæbø.png
Foto: Peder Austrud
Født: 6. april 1944 (80 år)

Ole Gunnar Sæbø (fødd 6. april 1944) var prost i Otredal prosti frå 1998 til 2009. Han var fødd på Brusand og vart student i 1963 på Bryne landsgymnas, der han også var leiar for kristenrussen. Så gjekk turen til Menighetsfakultetet i Oslo og teologisk studium med eksamen i 1969. Året etter tok han praktikum og vart ordinert i Ogna kyrkje til teneste som feltprest på Lahaugmoen. Deretter var Ole Gunnar Sæbø distrikts- og soldatsekretær i Indremisjonsselskapet i Alta frå 1971 til 1973, då han vart lærar på Bibelskolen i Staffeldts gate.

I 1977 vart han residerande kapellan i Time prestegjeld, der han var til 1985, avbrote av teneste som feltprest i UNIFIL Libanon i 1982.

I 1985 kom han til Agder att, då som sokneprest i Marnardal før han flytta til Vennesla og vart prost i Otredal prosti. Frå 1994 til 1998 var han medlem av Agder bispedømmeråd, dei to første åra som leiar.

Som pensjonist busette han seg på Feda saman med kona Åse Sæbø, fødd Tønnessen, som er frå Feda. Der hadde dei alt på 1980-talet bygd seg hus og brukt som feriebustad. Dei har tre søner og ei datter.

Kjelder

  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater 1974
  • Fødselsdagsnotiser i Fædrelandsvennen da han fylte 70 år og da han fylte 75 år
  • Treklang, Menighetsblad for Feda, Kvinesdal og Fjotland nr. 5, desember 2015 side