Onsdagssending i Valle Radio 20111207

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Onsdagssending i Valle Radio 20111207 er sida for sendinga i Valle Radio onsdag 7. desember 2011. Ansvarleg: Ronny Stavsholt, teknikar: Torhild Sandnes, telefonvakter: Torbjørg Hoftuft.

Program

18.00-19.00: Aktuell time

  • Intervju med Bjarne Tveiten om den nye 17. maiboka som tar for seg feiringa i Setesdal og Øvre Telemark. Intervjuar: Ørnulf Hasla. Lanseringa skjer laurdag 17. desember 2011 i Frikyrkja i Valle. Der startar ein klokka 11, og klokka 13 kjem ordførar Tarald Myrum og fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund for å vere med. I tillegg vert mange av forfattarane med der, dei kan signere bøkene.
  • Om den polske sjåføren på sommardekk i Bykle. 11.000 i bot, betaling for Viking-hjelp frå Åmot, kjøpe kjettingar, få hjelp til å legge dei på, så retur til Kristiansand, og etter 100 meter stoppa han og tok av kjettingane att. Truleg fekk han nye 11.000 i bot.
  • Torleif Homme: Brannvern i desse førjolstider. Desember er skrekkmånaden når det gjeld brann. Difor er det ein sentral aksjon når det gjeld brannvern. Brannvarslarar bør vere seriekopla, og det er betre med mange varslarar enn for få. Ikkje er dei så kostbare heller. Lysmansjettar er ein stor årsak til brann. Ofte gløymer ein å sløkkje lysa når ein skal legge seg, for det er mange elektriske lys som står på heile tida, og då gløymer ein stearinlysa. Også ved fyrverkeri til nyttår er det viktig å tenke brannvern. Men i haust har det vore stille på denne fronten og det er vi glade for. Ei side på internett kan hjelpe: tryggogsikker.no
  • Reidar Trydal: Om kva som må til for at sendingane våre kjem på lufta og kva som var feil sist veke. Begge antennene på omformaren i Bykil fall ned, og ledningen vart også øydelagt. Først på tysdag var veret slik at vi kunne kome over elva, vi hadde bare ein liten gummibåt, og elva fraus mest. Ikkje var det skiføre, ikkje scooterføre, så dei måtte bruke truger, og så måtte dei ha stolpesko for å kome seg opp og få reparere. I tillegg måtte dei få tak i utstyr, og det måtte bestillast. Dermed tok det ein del tid før alt var klart att.

19.00-19.30: Tankar frå Bibelen

19.30-20.00: Kommunen informerer

  • Ved Torunn Charlotte Nyberg Lund, leiar kultur og fritid. Jul i Sør-konserten 8. desember 2011 var første innslag ho hadde med. Ettersom ho fekk kort varsel, var det ikkje så mykje frå andre avdelingar. Kulturskulen skal og ha jolekonsert. Og så var det dansekurs i Bykle, det gikk også bra, 28 deltakarar. Syngjandi og Bykle Songlag inviterer til jolekonsert sundag 18. desember 2011. Onsdag om ei veke skal det vere konsert på Bygdeheimen klokka 13. Bamsefest for dei aller minste på biblioteket i Valle torsdag 15. desember 2011. Laurdag 10. desember 2011 har Valle Rideklubb show på ridebanen ved Valle Motell. Birgit Homme har vore ei viktig eldsjel for hest i Valle. I romjula er opningstida frå 10 til 14. Og stoff til Bygdenytt må leverast innan 25. i kvar månad, for bladet kjem ut første i kvar månad. Etter jol vil kinokveldane vere på tysdagane.

20.00-21.00: Ronnys time

  • Gjester: Torunn Charlotte Nyberg Lund og Torleif K Løyland. Vi snakker litt om joletradisjoner, jolemat, folkemusikk m.m. Pilegrimen av Paal-Helge Haugen vert sett opp i Valle 29. januar 2012. Setesdal Spelemannslag har oppretta Honorarfond for folkemusikk. Deretter gjekk praten om jolemat og joletradisjonar.

21.00 Opi sending

Eksterne lenker