Torleif Harstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Torleif B. Harstad)
Hopp til: navigasjon, søk
Torleif HarstadSymbol unrelated.svg
Torleif Harstad.jpg
Født: 4. juni 1947 (72 år)

Torleif Harstad (fødd 4. juni 1947 i Valle) er bonde på Harstad i Valle. Han er og Senterpartipolitikar i Valle og har sete i Valle kommunestyre sidan 1975, med unntak av eit par periodar. Ein periode sat han og i formannskapet. Han har vore formann i Valle sokneråd i fleire periodar og Valle menighetshus og Valle Normisjon. Han var og leiar i Valle kristelege ungdomlag i mange år og leiar i Valle Yngres.

Frå 1969 til 1987 var han lærar i gymnastikk på Valle skule. Så hadde han ein pause frå skulen, men på 1990-talet tok han vikartimar i skulen. Frå midt på 2000-talet begynte han som leksehjelp både i Hylestad og Valle, det utvikla seg til stilling som skuleassistent frå 2007. I tillegg har han vore forsikringsagent for Norges Brannkasse. Han har og vore instruktør for 4H.

Torleif Harstad gjekk på Birkeland folkehøgskole i 1964-65 og 1966-1967. Etter militærteneste reiste han til Danmark og gjekk ein vinter på Den jydske idrettsskole i Vejle. Interessen for trim har halde seg og han har vore aktiv i Valle IL i alle åra sidan. Han var leiar i laget i 10-12 år i samanheng. Han var fotballtrenar for dei unge på 1970-talet, og i over 40 år har han vore leiar for Karetrimmen kvar måndag. Han har gått Sesilåmi 28 gonger og sykla Trondheim-Oslo åtte gonger. Han har og gått Birkebeineren nokre gonger.

Den første kona hans døydde då deira einaste dotter Bente Jorunn Harstad var lita jente. I 2007 gifta han seg att med Sissa Ringstad.

Kjelder[rediger]