Røter

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Framsida

Røter er ei diktsamling av Olav Mosdøl. Den inneheld dikt frå ti av diktsamlingane hans og nyskrivne dikt, til saman 77 dikt. Dikta er frå diktsamlingane Kvite symrer (1977), I Lydeskar (1979), Menneskelandskap (1987), Sylvdropan (1992), Barn av sommaren (1993), Songen frå Sion (1995), Berget det blå (1997), Løyndomsfulle Setesdal (2000), Missa millennium (2000) og Spor. Sørland (2001).

Utvalet av dikt frå tidlegare samlingar er gjort av Olav Egil Aune, kulturredaktør i Vårt Land. Røter fører oss på ei litterær vandring frå heimlege stigar til opne landskap og nye kontinent. Sondre Bratland har skrive etterord.

For denne boka fekk Olav Mosdøl Emmausprisen i 2006. Boka har 115 sider og kom ut på Verbum forlag i 2006. ISBN 9788254310564

Kjelder[rediger]