Olav E. Kjebekk
Hopp til navigering
Hopp til søk
Olav E. Kjebekk | ||
---|---|---|
Født: | 1890 | |
Død: | 4. juli 1942 (alder 51–52) |
Olav Erikson Kjebekk («Stor-Olav») (fødd 1890, død 4. juli 1942) var gruvearbeidar ved Flåt nikkelgruve i Evje. Han døydde 4. juli 1942 etter ei ulukke i Gamlegruva. Han arbeidde saman med Ånon Åsen oppe i Gamlegruva. Der skaut dei ut dei gamle bergfesta og solane til dei gamle etasjane. Den utskotne steinen tok til å rase nedover i den gamle Skråsjakta, før Kjebekk og Åsen kom seg unna. Dei blei dermed ført med raset nedover i gruva. Åsen blei sterkt skadd, medan Kjebekk blei slått ihjel.
Olav Kjebekk var gift med Asborg Kjebekk. Dei hadde ti born. Namnet hans står på Minnesteinen ved Flåt gruve.
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.
Kjelder
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 389–393
- Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2000, side 52