Via Ferrata Nomelandsfjellet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Via Ferrata Nomelandsfjellet er ei klatreløype i Nomelandsfjellet, på vestsida av Otra, vest for Valle sentrum. Løypa blei laga sommaren 2016 av Børre Bergshaven og Bjarte Vestøl med fleire. Ein 1 000 meter lang stålwire blei montert i fjellet for å gje uerfarne folk sikring ved klatring i den blankskurte fjellveggen. Utbyggingskostnaden var rundt 700 000 kroner. Utbyggar og eigar av av løypa er selskapet Bratt Friluftsliv.

22. juli 2017 gjekk det eit stort steinras i Nomelandsfjellet. Raset passerte Via Ferrataen. Men ingen menneske var i løypa då raset kom, og ingen blei råka. 40 prosent av klatreløypa vart råka av raset, og geolog Anders Solheim sa til Fædrelandsvennen at om det framleis skulle vere ferdsel i løypa, måtte ei stor steinhylle over raset bli fjerna. Det kunne skje ved vannspyling eller sprenging.

Kjelder[rediger]

  • Odd Inge Rønning Uleberg: Etterlyser klarerere regelverk og kontroll. Artikkel i Fædrelandsvennen tirsdag 25. juli 2017 side 4
  • Johs. Bjørkeli: Anbefaler å fjerne hylla. Artikkel i Fædrelandsvennen tirsdag 25. juli 2017 side 5
  • Johs. Bjørkeli, - Et under at ingen omkom, artikkel i Fædrelandsvennen mandag 24. juli 2017, side 10
  • Johs. Bjørkeli, - Dette er et klatremiljø i verdensklasse, artikkel i Fædrelandsvennen onsdag 3. august 2016, side 7

Eksterne lenker[rediger]