Nomeland Maskin

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravemaskin frå Nomeland Maskin under bygging av Flateland kraftverk i Vegusdal 20. januar 2023.

Nomeland Maskin er eit entreprenørselskap (AS) med base på Rysstad i Valle. Verksemda starta opp i mars/april 2018, og er tufta på den tidlegare verksemda til Nomeland Anlegg som gjekk konkurs rundt påsketider i 2018. Nomelands Anleggsmaskiner AS eig alle aksjane i selskapet. Entreprenørselskapet Olav Martin Sørli AS i Kristiansand overtok frå 1. januar 2023 eigarskapen til Nomeland Maskin AS og Nomelands Anleggsmaskiner AS. Frå før var ferdigbetong-verksemda seld til Ribe Betong. Steinar Nomeland er dagleg leiar. Det er rundt 45 tilsette i verksemda (2022).

Ved oppstarten hadde firmaet oppdrag å gå i gang med knytta til bygging av ny E-18 mellom Arendal og Tvedestrand.

I 2022 hadde firmaet oppdraget med grunn- og betongarbeid ved Flateland kraftverk i Vegusdal. Kaspar Strømme AS var med som underetreprenør for betongen. Før sommarferien 2022 fekk dei to nye oppdrag for Statens vegvesen. Det var svingutbetringar på Riksveg 9 frå Stemmen til Fånefjell, og utbetring av busshaldeplassar på Rv-9 mellom Hægeland og Hovden. Kontraktane hadde ein samla verdi på rundt 40 millionar kroner.

Kjelder

Eksterne lenker