Minnesteinen over Tarkjell Aslakson Austad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå avdukinga av bautaen over Tarkjell Aslakson Austad. Spelemannen er Eivind Åkhus. Med ryggen til står Knut K. Austad, og det er kona hans, Brigde (fødd Bygland) som står heilt til høgre. Frå henne og mot venstre døtrene Siri, Ingebjørg, Tore og Torbjørg. Biletet finst (svart/kvitt) i Bygland gard og ætt band III, side 416.
Baksida av Tarkjel Aslakson Austad sin bauta på Austad gamle kyrkjegard har teksta: Sambygdingar i Norig og Amerika reiste dette minne 1912.

Minnesteinen over Tarkjell Aslakson Austad er ein bautastein over meisterspelemannen Tarkjell Aslakson AustadAustad gamle kyrkjegard i Bygland.

Avdukinga skjedde i samband med ei stort spelemannsstema på Austad 23. juni 1912. Båtane på Byglandsfjorden, DB Bjoren og DB Dølen, gjekk ekstraturar både frå Bygland og Byglandsfjord, fullpakka med stemnefolk. Så mykje folk hadde det aldri vore på Austad før, folk kom ikkje bare frå Setesdal, men frå andre dalføre òg. Skulelærar, seinare stortingsmann Aasulv Eivindson Lande og diktar Gunnar Rysstad tala på stemna. Fleire andre hadde også ordet. Song og spel var det i mengdevis. Jon Bjørgulvsson Rysstad skreiv songen Kvi stend me her og kved i dag og Knut K. Austad skreiv også ein song til festen.

Eivind D. Aakhus hadde teke initiativ til å samle inn pengar i USA. Han sende 73 dollar til Norge, det strekte godt til. Steinhoggarane Tønnes L. Tversland (1858–1940) og Gunnar Larsen (1870–1951) gjorde arbeidet rimeleg, og bygdefolk drog steinen ned frå fjellet og reiste han opp.

Kjelder

Kart

Laster kart...