Magne Rike

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Magne Rike
Magne Rike.jpg
Født: 8. august 1948
Død: 4. januar 2012 (63 år)

Magne Rike (fødd 8. august 1948, død 4. januar 2012 i Arendal) var gymnaslektor frå Valle. Han etterlet seg kona Bjørg Brokka Rike og sønene Dagfinn Brokka Rike, Ingmar Brokka Rike og Paal Brokka Rike, samt svigerdøtre og barnebarn. Gravferda var frå Valle kyrkje fredag 13. januar 2012 klokka 12. Etter gravferda var det minnestund i Valle menighetshus.

Etter at han var ferdig med eiga utdanning på Universitetet i Oslo, underviste Magne Rike ved Arendal Gymnas på Tyholmen i mange år. Historie og språk var faga hans. Så flytta familien heim til Valle og overtok slektsgarden i Brokka. Då arbeidde han på Valle vidaregåande skule. Men då skulen i Valle mista faga hans ved siste omlegginga, valde Magne Rike å bli vekependlar og arbeidde dei siste åra på Dahlske vidaregåande skule i Grimstad.

Han var glad i sang og musikk og i tillegg til å spele gitar, bygde han og gitarar. Han var med i sanggruppa Fjoruven og i koret Syngjandi. I mange år var han og med i skriftstyret i Jol i Setesdal. I ledige stunder skreiv han dikt som han publiserte i Dagbladet, der han vart kåra til «månadens diktar» i juni 2011 og i desember 2012.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]