Bygland Mållag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Bygland Mållag er ein frivillig organisasjon som arbeider for å fremje nynorsk, og bruk av dialekt. Laget steller også i stand ulike kulturtiltak. Laget er tilslutta Noregs Mållag.

Bygland Mållag var i 2017 utgjevar av Eventyr frå Setesdal, ei attgjeving av Johannes Skar sine eventyr i Gamalt or Sætesdal i ei meir moderne nynorsk språkform.

Styret[rediger]

Styret i Bygland Mållag i 2017 er Anne Elisabeth Fjose, Geir Skjevrak, Inger Tone Homme, Sigrid Greibrokk, Sigrid Åsen Haugsgjerd og Åslaug Haugå.

Kjelder[rediger]