Austad leikarring

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Austad leikarring er ein leikarring som samlast kvar måndag i Ose grendehus. Ein gong i månaden har dei spelemann og gangarinstruktør, dei andre gongene er dei 33 medlemmene frå Rysstad i nord til Byglandsfjord i sør delt i tre grupper og trenar utan levande musikk. I oktober 2013 hadde dei til og med hip hop-kurs. Austad leikarring opptrer mellom anna på arrangementet på Ose 17. mai.

Under 17. mai-tilstelninga på Landeskogen i 2014 blei Ragnhild Sordal, Tove Heia, Irene Moe og Liv Åsne Austad Andersen, alle leiarar i Austad leikarring, tildelt Kulturprisen i Bygland kommune for 2014. Dei fekk prisen for sitt frivillige arbeid i leikarringen.

Kjelder