Langevassvegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Den nye Langevassvegen 20. juli 2021.

Langevassvegen går frå Ljosland nordover til den nye Dam Langevatn ved sørenden av Langevatn i Åseral, og vidare innover langs austsida av vatnet til nordre enden. Vegen er open fram til Dam Langevatn, der det også er ein stor parkeringsplass. Langevatn er ein portal til Setesdal Vesthei og utgangspunkt for fleire av DNT Sør sine raudmerka turløyper.

Vidare nordover langs vatnet er vegen stengt med bom. Men han er oppgradert i samband med Åseral Nord-utbygginga, og er ein god sykkelveg. Lengda er rundt sju kilometer. Frå enden av vegen er det om lag tre kilometer å gå gjennom terrenget til heiegarden Pytten, like over kommunegrensa til Bygland.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...