Krokevatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Krokevatn 14. juli 2016.

Krokevatn er eit lite vatn i Hovassdalen på heia mellom Ytre Dåsvatn i Hornnes og Flystveit i Åseral. Vatnet ligg rett sør for det større Hovatn. Mellom dei to vatna renn ei lita elv, som ved utløpet i Krokevatn lager Flekefoss. Her kan ein sjå restar etter ei kvern e.l. Vidare frå Krokevatn renn elva sørover til Seslevatn, som ligg over kommunegrensa til Åseral. Derfrå renn Breidåna til Egsåvatn og vidare til Gunnarsvatnet i Hornnes. Gunnarsåna renn vidare til Bjørndalsvatnet og Kosvatn. Herfrå renn Kosåna til Mandalselva ved Foss i Bjelland. Krokevatn høyrer såleis til Mandalsvassdraget.

Hovassdalen med Krokevatn og Hovatn er eit stort barskogområde, og er freda som Hovassdalen naturreservat.

Kjelder[rediger]

  • Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal
  • Geir Daasvatn, besøk på staden

Kart[rediger]

Laster kart...