Hovatn (Evje og Hornnes)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det brygger opp til uvær ved Hovatn 14. juli 2016.

Hovatn er eit lite vatn i Hovassdalen på heia (364 moh.) mellom Ytre Dåsvatn i Dåsvannsdalen i Hornnes og Flystveit i Åseral. Gjennom Hovassdalen og ut i Hovatn frå vest kjem Hovassåna. Frå Hovatn til EgsåvatnEgså i Åseral renn Breidåna. Frå Egsåvatn renn ei elv vidare til Gunnarsvatnet i Hornnes. Derfrå renn Gunnarsåna til Bjørndalsvatnet og Kosvatn og Kosåna vidare til Mandalselva. Hovatn drenerer såleis til Mandalsvassdraget.

Området rundt Hovatn er eit stort barskogsområde som er freda som Hovassdalen naturreservat.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...