Gunnarsvatnet
Hopp til navigering
Hopp til søk

Gunnarsvatnet ein nydeleg haustdag i 2012.
Foto: Geir Daasvatn
Gunnarsvatnet er eit vatn på heia i Øyvassdalen heilt vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. 1 km² stort. Vatnet får tillaup frå både Åseral og Hornnes, og er ein del av det større Kosåna-vassdraget. Ut av Gunnarsvatnet og sørover til Bjørndalsvatnet renn Gunnarsåna. Matkronvegen (bomveg) går inn til Gunnarsvatnet frå Fylkesveg 42 ved Bjørndalsvatnet.
Kjelder
- Kommunekart.com