Kjetil O. Brottveit
Kjetil O. Brottveit | ||
---|---|---|
Født: | 7. mai 1924 | |
Død: | 15. september 2009 (85 år) |
Kjetil O. Brottveit (fødd 1924, død 15. september 2009) budde i Valle. Han etterlet seg kona Ingebjørg Brottveit og borna Olav Brottveit, Gudrun Brottveit, Ånund Brottveit og Knut Brottveit, svigerbarn og barnebarn. Gravferda var frå Valle kyrkje tysdag 22. september 2009 klokka 13. I staden for blomar ynskte Kjetil ei gåve til kreftsaka.
Kjetil O. Brottveit var lærar. Han vaks opp på Ruslehaugen, småbruket like nord om Valle sentrum, der han seinare busette seg. Difor kalla folk han Kjetil Ruslehaugen. Han møtte kona si då dei gjekk på framhaldsskulen. Ei tid var han lærar i Bykle, men sidan kom han til Flosta skule i Arendal. Då budde han på Narestø i Eydehavn, der familien gjerne ferierte om somrane etter at han i 1973 kom han tilbake til Valle. Kjetil O. Brottveit var lærar ved Valle skule i 16 år før han gjekk av for aldersgrensa. Han var med i bygdesogenemnda som stod for utgjevinga av Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad og han var med i styret for Setesdølen. Dei seinare åra var han ivrig med i talemålsgruppa som lagar vallemal.no.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 74, 2009 side 2
- Sigurd Haugsgjerd: Kjetil O. Brottveit er død. Minneord i Setesdølen nr. 74, 2011 side 9