Fiskevegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Fiskevegen er ein nesten attgrodd sti mellom Nomeland og Uppstad i Valle kommune. Vegen er rask/skjot å gange, men er også kjend for å vere kronglut.

Vegen begynner nederst nokre meter aust for brua med rv9 over Kåvåne, og fører opp til Uppstadvegen ved den skarpaste svingen øvst i den brattaste strekninga. Sjølve traseen er ikkje lett å sjå, men går antakelig nesten som ei rett linje på kartet, i to bratte kneiker med ei lita slette mellom og i begge ender.

Vegen har også ei avgreining oppi bakken til Grindeskard.

Stev[rediger]

Eit kjent stev av Olav K. Uppstad frå Nomeland lyder slik:

«Fiskevegjen æ' vond'e gange,
men Oppstadjenton æ' verre fange.
Fiskevegjen æ' vond'e gå,
men Oppstadjenton æ' verre få.»

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...