Ihuga reservist frå unionsoppløysinga til etter andre verdskrigen
Ihuga reservist frå unionsoppløysinga til etter andre verdskrigen er ein artikkel som Jørn Buø publiserte i Pro Patria nr. 3, 2020, der artikkelen stod på side 58 og utover. Vi fekk lov til å publisere den på Setesdalswiki av forfattaren.
Ihuga reservist frå unionsoppløysinga til etter andre verdskrigen
Eg er svært oppteken av lokalhistoria i Setesdal og særskilt andre verdskrigen. Fleire i familien var aktive i Forsvaret og motstandsrørsla. Denne artikkelen omhandlar min morfar (Gofa) kaptein (R) Olav Olavsson Nomeland Sr.
- PP/ JØRN BUØ, PRESIDENT
Innleiing
Den miltære reservistkarriæra starta på 3dje divisjonen sin underoffisersskule i Kristiansand i 1905. Avslutninga kom i 1945 med å take over Evjemoen frå Wehrmacht, og være kommandant der til dei siste tyskarane var skipa ut frå Sørlandet på hausten same år.
Kaptein (R) Nomeland var definitivt det som Winston Churchill kalla «Twice the Citizen». Han var også bonde, hestemann, postopnar, aktiv skyttar, leiar i det Frivillige Skyttervesen DFS, og lokalpolitikar for Venstre i mange år.
Barneår og utdanning
Olav vart fødd på Nomeland i Hylestad (no Valle) kommune i Setesdal 12. juni 1888. Foreldra var Olav Eiriksson Nomeland (1856-1932) og Signe Hallvardsdotter Besteland (1861-1937).
I 1900 flytta familien til Valle og dreiv garden Tveiti fram til 1906. Tre av fire brør utvandra til Nord Amerika. Den eine broren Ånund (Andy) var soldat i US Army på vestfronten i WWI og vart ein kjend veteranleiar i Nord Dakota.
Olav fullførde ikkje amtsskulen han byrja på i 1905, fordi han kom inn på underoffiserskulen i Kristiansand. Underoffiserskulen var anerkjend som ei god utdanning for ambisiøse landsens gutar utan examen artium. Han fekk med 10 kroner av far sin, sjølv hadde han tre kroner og 60 øre – og sa:
| Seinare fekk eg fem kroner, og meir trong eg ikkje dei tre åra og fire månadene eg gjekk på skulen. Og eg trur me for rett. Flust med pengar kan nyttast til mykje filleskap. | ||
| – Olav O. Nomeland senior | ||
Ungdomstid og arbeid
Skulen gav ikkje yrkestilsetning i Forsvaret etter eksamen i 1909, så han tok arbeid som formann på smeltehytta på Evje nikkelverk lenger nede i Setesdal. Han tok det same arbeidet seinare på Ringerike fram til 1914.
Då verdskrigen kom i 1914 vart han fastløna sersjant i IR7 Agdesidens Infanteriregiment. Ved sidan av rekruttutdanning og nøytralitetsvakt bruka Olav tida til så mange kurs han kunne, spesielt læra han om maskingeværet – både med omsyn til teknikk og taktikk.
Mykje av tenestetida var på Gimlemoen og her vart han kjend med folk frå heile Sørlandet. Han blir omtalt som ein som var godt lika av overordna og underordna. Han vann seg vener over alt, og var alltid full av gode historier.
Underoffiserskulen var en god skule i tida rundt unionsoppløysinga, i det sterkaste Forsvaret Noreg relativt sett har hatt. Krig mot Sverige var sannsynleg. Beredskapen var også høg på skulen.
Etter første verdskrigen
I åra etter den første verdskrigen vart han reservebefal igjen som kommandersersjant i Hjulryttarkompani 3/Infanteriregiment 7. Kompanisjef i mange år var kaptein Einar Keim, som i 1940 var oberstløytnant og krigskommissær på Sørlandet.
Ei røvarhistorie
Ei «røvarhistorie» frå dei mange åra Olav var i hjulryttarkompani 3/IR 7 høyrer med. Han fortalde denne på eit besøk til besteforeldra mine på farssida i Mandal:
Under øving ved Mandal var kompaniet fremste oppklaringseining og skulle klarere vegen for hovudstyrken frå Holum og sørover mot Mandal by på båe sider av Mandalselva.
Nomeland hadde to gamle kjenningar i Mandal og Holum som ikkje var med på øvinga, kapteinane Hans Kaddan og Elias Ro. Han telefonerte frå ein sentral litt oppe i dalen til dei to kameratane som gav ei utførlig beskriving av fienden si gruppering. Slik kunne hjulryttarkompaniet take seg inn i Mandal utan stridkontakt og dermed løyse sitt oppdrag.
Kommentar
Både Kaddan og Ro deltok seinare i motstandsarbeidet på Sørlandet.
Lokalkunnskap har alltid vore viktig i forsvaret av Noreg og eg kjenner igjen G2 sin metode frå tida mi i stab Brigade Nord (BN) og 6. Divisjon (Div 6).
Mykje å pakke
Med den nye befalsordninga i 1930 vart Olav offiser og vernepliktig kaptein. Han var med på ei av dei store samøvingane rundt Gardermoen som blant andre Ruge var ein av arkitektane bak frå si tid i generalstaben.
Uvisst av kva for ein grunn blei kapteinen frå Setesdal plassert nær HM Kong Haakon 7 og HKH Kronprins Olav under den avsluttande middagen. Det framkom at også dei kongelege var oppteken av endringar i uniformsreglementet og at Kronprinsen syntes det var mykje å pakke når ein skulle på øving. Den andre Olav hadde same oppfatning. Han hadde ikkje førarkort og tok tog. I den tida måtte ein gå frå Vest- til Austbanen når ein reiste via Oslo.
Krigsutbrotet i 1940
Grunna aldersgrensa for sin kategori reserveoffiserar var han ute av rullene ved krigsutbrotet 9. april 1940.
Ved det mislykka felttoget i Setesdal i april 1940 som vart omtala i Pro Patria nr. 3, 2020, vart bataljonen til Major Lørdahl med omtrent 700 personell sett opp på garden til Olav, og våningshuset var bataljonen sin kommandoplass. Dette var sjølvsagt med ein stor grad av risiko, tyskarane hadde fullstendig luftherredømme på Sørlandet og det var av og til fly over området. Gofa tykte general Liljedahl si leiing var ei trasig historie og la aldri skjul på det.
Sonen, kaptein (R) Olav Olavsson Nomeland junior var elev på befalsskulen for feltartilleriet på Akershus festning kullet 1939/1940. Han skal vi kome tilbake til i neste artikkel. Det påverka sjølvsagt Olav Sr. at sonen i januar 1943 vart arrestera heime av Gestapo, torturera mest i hel og sendt til Arkivet, Grini, Natzweiler/Dachau . Han kom heldigvis heim i live sommaren 1945.
Passiv motstand
I krigsåra dreiv Gofa med mykje passiv motstand, og eg har eit brev der lokale nazistar ber NS i Kristiansand om at han vert «fjerna», altså ei dødsliste.
Ein gong gjekk han på vegen med lomma full av patroner då det kom ei tysk patrulje. Det var hol i lomma, men heldigvis var det snø og Gofa hadde lange buksor så tyskarane såg ikkje patronene som sklei ned i snøen. Då sveitta han på ryggen i kulda. Han fortalde og at han gøymde våpna sine rundt omkring, og ein Colt tenestepistol har ingen funne att.
Haldningsarbeid var viktig. Gofa sto for ei nasjonal haldning grunna på dei liberale kristne verdiane. Av og til blei han og Gome beordra til å huse tyskarar på garden. Dei fylgde Forsvaret sine verdiar før dei var påtenkt, og behandla alltid «gjestene» med respekt sjølv om dei hadde torturert sonen og sendt han til konsentrasjonsleir.
Freden i 1945
Då freden kom i mai 1945 vart det feiring, men med bismak, for ein viste ikkje om dei mange fangane ville kome heim.
Om kvelden den 7. mai 1945 var kring 300 menneske samla ved skulehuset på Rysstad for å feire. Det vart skipa til tog sør til Hylestad kyrkje, og med flaggi bylgjande i vinden bar det opp i garden Heimigard Rysstad. Der hadde ein fått bod som måtte tydast slik at sonen Bjørgulv G. Rysstad ikkje ville kome heim. Framleis var det von om at dei andre 4 sønene - Jon G. Rysstad og Sigurd G. Rysstad i Tyskland, Tarjei i Italia og Grunde Rysstad i Sverige - skulle ha greitt seg.
Gofa heldt tale der. Så gjekk ferdi nordover til «Posten» hjå Nomeland der Aani Rysstad tala. Ein ny tale vart halden i tunet heime hjå Osmund Faremo heilt nørdst på Rysstad, der foreldra same kvelden hadde fått brev om at han var komen til Sverige.
Kaptein Nomeland (R) fekk snart i oppdrag av norske styremakter å overtake Evjemoen frå Wehrmacht, til det vert det sett opp ein norsk bataljon under hans kommando. Av den tyske kommandanten fekk han ein Luftwaffe offisersdolk som teikn på kapitulasjonen.
Ved overtaking av Evjemoen
- Talen til Gofa var slik
| Når vi no i dag skal heise det norske flagget for første gongen att her på Evjemoen så er det berre på halv stong. For dagen er vigd dei som sette livet til for folk og fedreland. Mange av desse er frå bygdene her ikring. Vi kjenner det derfor mest som om vi står på heilag grunn når vi tenkjer på klårt og reint eit norsk standpunkt folk er ikring tok krigsåra. Mange fall i kampen og vi minnast desse i dag og heidrar deira minne. Den beste måten å heidre dei på er etter min meining å halde fram der dei stupte i kampen for flagg, heim og fedreland. Bødlar har i årevis herja vårt land, har trampa og trødd på alt det som vi såg på som heilagt og kjært. Lat os stella oss så at slikt ikkje kan ta seg opp att. Lat det verta ei heilag plikt for oss kvar og ein at vi gjer vårt beste for å reise det som er øydelagt i desse tunge krigsåra, byggja vårt land og stå vakt om det i kommande tider så bødlar og ransmenn aldri meir kan koma innanfor landets grenser og at det norske flagget kan blafre fritt over landet vårt. | ||
| – Olav O. Nomeland | ||
Så vart flagget heisa til tona av «Gud signe vårt dyre fedreland». Før seremonien song vaktkompaniet «Vår Gud er så fast en borg».
Reservist
Som reservist var han formann i lokallaget Det frivillge Skyttervesen i nesten heile mellomkrigstida. I same perioden var han aktiv i heradsstyret for partiet Venstre. Kaptein Nomeland hadde ikkje ein stridig natur, og blei ikkje ståande i kommunale frontlinjer, men beskriven som fredsæl og venesæl.
I gravferda seinhausten 1966 var kista kledd i det norske flagget, og ein kjend motstandsmann, regimentsjefen i IR 7 Oberst Thore Idsal Tau, held talen på vegne av seg sjølv og Forsvaret – for den interessa og innsatsen kaptein (R) Nomeland hadde hatt for Forsvaret så lenge han levde.
Personlege minne
I Bibelen hans var det streka under ei setning: «Meisteren er her og kallar på deg». Han hadde alltid eit godt fang å sitje på når me snakka om Eisenhower, De Gaulle og NATO samt styrking av Forsvaret. Eg fekk også halde på med sabel, pistol og Krag.
Gofa hadde eitt krav «Det må gjerast rett». Då eg prøvde meg med sabeleksersis a la tre musketerar vart eg mildt korrigera til å følgje det norske sabelreglementet.
Eg har avskjedsbrevet frå Gofa til borna sine heime:
| Hjelp Inger (Gome) med «adspredelse» til alt kjem meir på avstand, Inkje syt meg, eg vert å få det godt. Mi siste helsing, far. | ||
Kjelder:
- Bykle under krigen, Knut Gjerden, Leonhard B Jansen og Alfred Ryningen, Bykle kommune 1995;
- Nekrologer til *Gravferd Olav O. Nomeland Sr. – avisene Fedrelandsvennen, Sørlandet;
- Hilsen til Olav O Nomeland Sr. 75 år – avisene Fedrelandsvennen, Sørlandet;
- Diverse avisutklipp; private, brev og foto;
- Eigne minner