Jørn Buø

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jørn BuøSymbol confirmed.svg
Født: 5. januar 1960 (61 år)

Jørn Buø (fødd 5. januar 1960 på Bærum Sjukehus) er salgsdirektør i ein av divisjonane i Kongsberggruppen. Han har arbeidd der sidan 2004. Frå 2011 til 2014 leda han ei bedrift i London, Ontario, Canada. Før han kom til Kongsberggruppen var han i fire år logistikkdirektør hos Ringnes. Men før årtusenskiftet arbeidde han i Forsvaret i ei rekke stillingar frå 1984 til 2003 der han gjekk gradene frå løytnant til brigader. Han har tenestegjort i Sør- og Nord-Norge og på Balkan. Då han slutta i Forsvaret i 2003 var han forsvarsattache i Moskva.

Etter å ha vore styremedlem frå 2016 vart Jørn Buø i 2018 vald til president i Norske Reserveoffiserers Forbund, NROF.

Jørn Buø var med i Onsdagssending i Valle Radio 20200506 og snakka om frigjeringa i Setesdal i 1945 og meir rundt krig og fred.

Familie[rediger]

Foreldra var Byrge Buø fødd 24. juli 1925 i Halse (Mandal) og Tore Olavsdotter Nomeland fødd 13. oktober 1926 i Hylestad (Valle). Farfar var Jørgen Buø fødd 1885 og farmor Helene Karoline Gabrielsen fødd 1884. Morfar var kaptein Olav Olavsson Nomeland sr. fødd 1888 og mormor Inger Knutsdotter Rysstad fødd 1896.

Han er gift med Solfrid Engh fødd 1968 og har borna Julie f 1985, Eirik fødd 1988 og Carl Gustaf Emil fødd 1998. Jørn og Solfrid bur på Nesbru i Asker

Oppvekst og utdanning[rediger]

Han vaks opp i Bærum og gjekk på Evje barneskole, Gjettum Ungdomsskule og Valler Gynmas. Jørn var aktiv i fotball, bandy og skihopping for Bærum Sportsklubb, Bærum skiklubb og Bærums Verk Idrettsforening.

I feriane var allstødt hjå skyldfolket på garden med posthuset på Rysstad og spela ein del fotballkamper for Hylestad idrettslag. Når han var i Setesdal var det mykje aktivitet på heia og fisking i Otra, deltaking i gardsdrifta. Etter kvart vart sumarjobb i søskenbarnet Olav O. Nomeland dy (Bitteboa) sitt entreprenørfirma Tunnel og Anlegg viktig i ungdomsskule og gymnastida.

I heile ungdomtida var han open på at han skulle studere til jurist og verte advokat. Etter befalsskulen vart yrkesvalget i staden offisersvegen med krigsskule, stabsskule og Kungliga Försvarshögskolan i Stockholm.

Kjelder[rediger]

Artikler[rediger]