Else Haugland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Else HauglandSymbol unrelated.svg
Født: 1969 (alder 49–50)

Else Haugland (fødd 1969) er hotelleigar på Evje og tidlegare lokalbanksjef i Sparebanken Sør Evje. Tidlegare har ho vore rådgjevar i Nordea (1999-2005), finansiell rådgjevar i Storebrand (2005-2010), salssjef i Storebrand (2010-2011) og investeringsrådgjevar i Sparebanken Sør (frå august 2011) før ho blei lokalbanksjef for Sparebanken Sør sitt avdelingskontor på Evje i 2013.

I november 2016 blei det kjent at Else Haugland hadde kjøpt Hotell Dølen på Evje saman med sambuar Øyvind Olsen. Overtakinga skjedde i januar 2017. Else slutta då som banksjef i Sparebanken Sør.

Else er engasjert i lokalpolitikken. Ho var leiar for Evje og Hornnes Arbeiderparti, men gav leiarklubba over til Line Vennesland på årsmøtet i lokallaget i februar 2017. Ho er også idrettsjente. Ho er Noregsmeistar i Kettlebells, ei form for kulelyfting.

Else og Øyvind bur i Svartevegen ved Arendalskrysset i Evje.

Kjelder og eksterne lenker[rediger]