Sigvart Skibsrud

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sigvart Skibsrud
Født: 18. september 1876
Død: 18. februar 1952 (75 år)

Sigvart Skibsrud (fødd 18. september 1876, død 18. februar 1952) var snikkarmeistar på Evje. Han kom opphaveleg frå Trøgstad i Østfold. Han var gift med Martha Skibsrud.

I 1915 kom Sigvart med familien til Evje. Han blei medeigar i Dølen Hotel saman med broren Christian Skibsrud. I 1919 brann hotellet ned. Då det blei bygd nytt hotell alt året etter, i 1920, var Sigvart byggeleiar. I 1925 selde Sigvart sin part i Dølen til bror sin, og overtok i staden det gamle Sagatunbygget i Evje sentrum.

Snikkarverkstaden blei etablert bak dagens Sagatunbygg, på den noverande posthustoma. Der blei det mellom anna laga dører og vindauge til gamle og nye hus. Andre produkt var høvelbenkar, vognhjul, likkister, sledar, kjelkar, ski og anna som høyrde inn under snikkarfaget. Opp mot 10 menn kunne til tider arbeide i verkstaden.

Sigvart var far til Arne Skibsrud sr. og bestefar til Roald Skibsrud.

Kjelder[rediger]