Johan S. Gundersen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Johan S. Gundersen
Født: 12. februar 1839
Død: 25. januar 1910 (70 år)

Johan S. Gundersen (fødd i Kristiansand 12. februar 1839, død på Lande 25. januar 1910[1]) var den første til å sette opp hotellEvje, i 1887.

Johan Gundersen var son til kjøpmann John Gundersen. Han hadde kjøpt Høie spinneri av Lilloe for 8000 spesiedaler i 1857. Fabrikken heldt fram med Lilloe som styrar, og var i slektas eige fram til Oscar Jebsen tok over i 1904. Johan Gundersen flytta til Mosby i 1880 for å driva fabrikken på Høie, og han han dreiv samstundes med handel der. Han dreiv også landhandel på Kile og på Evje, med bakeri i tillegg. Det var Gundersen som bygde huset Nygård ved Birkelandsbrua, der Brødrene Gullestad kom til å starte opp med ei av dei første forretningane i Evje.

Etter at han hadde sett opp Dølen Hotel, kjøpte han garden Nedre Lande i Grendi, og flytta seinare opp dit. Etter kvart vart Lande teke over av sonen Ragnvald, som igjen selde garden til Jon Løyland i 1930.

Hotellet som Gundersen hadde sett opp brann ned, men eit nytt hotell vart reist på same tomta.

Sjå også[rediger]

Referanser[rediger]