Jan Hodne

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jan Hodne
Født: 21. desember 1945
Død: 31. januar 2015 (69 år)

Jan Hodne (fødd 21. desember 1945, død 31. januar 2015) budde på Slettefet. Han etterlet seg kona Alvhild Hodne, barna Torgeir Hodne og Inger, svigerbarn, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Hornnes kyrkje fredag 6. februar 2015 klokka 11.

Som ung arbeidde Jan Hodne hos Lantz Auto i Dåsnes, men sidan fekk han seg jobb på Forsvaret sin fellesverkstad på Evjemoen. Der var han til Forsvaret avvikla aktiviteten sin. I tillegg dreiv han småbruk med sauer på Slettefet og engasjerte seg i det faglege arbeidet gjennom sauelaget. I fritida var han i 20 år sentral i Morusrevyen, han var og aktiv som løypekøyrar på Moisund. Han var ein av leiarane i dugnadsgjengen då Hornnes stadion blei bygd 1976-1978.

Jan Hodne var også engasjert i lokalpolitikken og representerte Arbeidarpartiet i Evje og Hornnes kommunestyre i yngre år.

Kjelde[rediger]