Hornnes mi heimbygd med gardar og grender
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hornnes mi heimbygd med gardar og grender er ein bygdesong for Hornnes, skrive av Olav A. Tveit.
Teksten

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
- Hornnes, mi heimbygd med gardar og grender -
- urgamle ætter i skiftande kår.
- Lat det nå ljoma frå fjell og til strender
- songen om bygda som me kallar vår.
- Her har forfedrene slite og streva,
- her vart dei fødde til glede og strid.
- Soleis fekk me denne plass til å leva -
- Hornnes, du kjære, du heimbygda mi.
- Skogklædd og fager og grøn som ein hage,
- slik har me sett deg frå nutar til fjell.
- Høgreiste furu i drusteleg brage
- skiftar i sjarme frå morgon til kveld.
- Åsryggar lange mot høgda seg tøyer
- og inn i millom der lyser ei grend.
- Elva i buktar kring nesa seg bøyer,
- glitrar i solskin der stille ho renn.
- Otra, du strevsame, du kan vel smile
- når du på reisa di stoggar ei stund.
- Just her ved Hornnes du legg deg til kvile
- ute på Breiflå med vikar og sund.
- Her bygde Hauge og fekk sine vener -
- papir- og møllebruk arbeid oss gav.
- Her langs dei mange og sandkvite strender
- ligg dette landskap og speglar seg av.
- Inne i skogane der er det trivleg -
- hestane kneggar og furua fell.
- Arbeidet går der så leikande livleg,
- øksehogg svarar frå fjell og til fjell.
- Men når så våren med lauvsprett er komen,
- spennar me hestar for harv og for plog.
- Aldri så helsesam kjenner du dåmen
- slik som ein vårdag frå åker og skog.
- Åndsliv og kunnskap set merke på alle.
- Landsgymnaset står høgreist og fritt.
- Kyrkja den åtte-kanta skal kalle -
- kalle det gode til offer og strid.
- Mang ein misjon har i bygda sitt feste,
- mang ei forening ber arbeidet fram.
- Arbeid for velferd til alle sitt beste
- ut i blant våre til framande land.
- Lat oss då saman ein broderring binda,
- takksam for bygda me lagar ein lekk.
- Gjera vårt beste kvar mann og kvar kvinna,
- auka dei gode i arven me fekk.
- Standa på vakt i mot alt som vil tyngja,
- fremja dei rettvise krav til ein kvar.
- Då skal dei komande ætter få syngja,
- songen om bygda og få henne kjær.
Sjå også
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 15