Steinsbuskardet-Hisdal biotopvernområde
Steinsbuskardet-Hisdal biotopvernområde er eit 39 900 dekar stort verneområde etter viltlova vest i Bykle. Området ligg sør for Blåsjø og strekk seg også austover på sørsida av Botsvatn. Området blei vedtatt verna 28. april 2000. 15 år seinare, 27. april 2015, blei det vedtatt forvaltningsplan for området.
Om føremålet med vernet heter det i forskrifta: «Steinsbuskardet - Hisdal biotopvernområde har til føremål å sikre eit særs viktig heilårs leveområde med trekkvegar og kalvingsområde for villrein i Setesdal Vesthei.»
Dette verneområdet er noko spesielt. Det er delt inn i område A og B. I område A Steinsbuskardet er det etter forskrifta forbode med ferdsel heile året, med ein del unnatak. I område B er det ferdsleforbud mellom 25. april og 30. mai. Også her er det ein del unnatak. Sone B går vidare inn i Hisdal naturreservat, mens verneområdet Steinsbuskardet - Hisdal er en del av Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Forvaltningsmynde er Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområde.
Kjelder
- Artikkelen om Steinsbuskardet-Hisdal biotopvernområde på Wikipedia (bokmål), skrive av Harald Haugland, besøkt 20. februar 2022
- Forskrift om vern av Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde, Bykle kommune, Aust-Agder