Gunnar O. Uleberg

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Gunnar Uleberg)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar O. Uleberg
Født: 15. april 1906
Død: 4. oktober 1966 (60 år)

Knut Gunnar Olsen Uleberg (fødd 15. april 1906, død 4. oktober 1966) var likningssjef og ordførar i både Hornnes kommune og i den samanslegne Evje og Hornnes kommune.

Uleberg tok eksamen artium som privatist. Etter det tok han eksamen ved Handelsgymnasiet i Kristiansand. Han flytta så heim til Hornnes, og arbeidde i fleire år som jord-, skog- og vegarbeidar. I 1937 vart han tilsett som likningssjef i Hornnes kommune. Han styrte likningskontoret i Hornnes i alle år sidan. Då Hornnes og Evje frå 1. januar 1960 vart slått saman til ein kommune, vart Uleberg overflytta til Evje.

I 1939 vart Uleberg tilsett som formann og forretningsførar for forsyningsnemda i Hornnes. Han heldt fram i den posten til 31. mai 1941, då han vart arrestert og fengsla av tyskerane. Han var med i den hemmelege etterretningsorganisasjonen XU. Etter 2 1/2 månad på Møllergata 19 i Oslo, vart han sendt avgårde til Fuhlsbüttel i Tyskland.

Då Uleberg var 28 år, i 1934, blei han vald inn i Hornnes kommunestyre. Han representerte Arbeidarpartiet. Han vart straks vald til varaordførar. Dette vervet hadde han fram til krigsutbrotet i 1940. Ved valet til kommunestyre hausten 1945 blei han vald til ordførar, til Venstre overtok fleirtalet i kommunestyret i 1947. Uleberg heldt fram som representant i kommunestyret. I 1965 overtok han ordførarvervet i Evje og Hornnes kommune etter Torvald Haavardstad, og stod i dette til han døydde i 1966.

Gunnar Uleberg hadde ei lang rekke andre tillitsverv. Han var lenge formann i det frilynde ungdomslaget. Han var også ein flink felespelar, og mykje interessert i jakt og skytesport. Han var formann i Hornnes skyttarlag i mange år.

Då Gunnar Uleberg vart gravlagt var Hornnes kyrkje fylt til siste plass. Sokneprest Skavoll sa mellom anna dette i minnetalen: - Det fortel om kor mykje han har hatt å seie for samfunnet vårt. Han tok sine kunnskapar og sine evner i bruk for den bygda han var så glad i.

Kjelder