Gunder Salvesen Haugland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunder Salvesen Haugland
Født: 20. september 1803
Død: 30. juni 1869 (65 år)

Gunder Salvesen Haugland (døypt 25. september 1803 i Vegusdal, død 1869) var ein framifrå rosemålar og ordførar i Evje og Vegusdal formannskapsdistrikt i 1840-1841.

Gunder Haugland var fødd på garden Haugland og budde storparten av livet sitt på forskjellige gardar i Vegusdal, der begge foreldra kom frå, men var også nokre år på Mykjåland i Iveland. Han var ein meister i rosemåling, og skal ha vore den framste rosemålaren i distriktet. Han hadde kallenamnet «Gunnar Målar». Han har måla interiøret med altertavle i Iveland kyrkje, benkane i Herefoss kyrkje, altertavla, preikestolen og mykje av interiøret i Hægeland kyrkje og ei rekkje med kister, skåp, ølbollar osv. Ein veit at Gunder i tidlege år heldt seg ein del i bygdene vestafor, i Lister og Mandals amt. På garden Neset i Laudal, med eigar Jon Olson Neset, skal han ha vore mykje. Her må han ha treft andre kyrkjebyggarar, altertavlesnikkarar og målarar, som han lærte mykje av.

Han var også viden kjend for skjemtevisene sine. Nokre gonger var det litt skadefryd i visene, men som oftast var dei ganske uskuldige. Ei av visene er kalla «Vegusdalsvisa». Der har han dikta noko om kvar gard for seg.

Gunder Haugland var gift med Åse Olsdotter frå Skjervedal. Dei fekk ingen born.

Kjelder