Gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal. Arbeidsfolk fortel m.m.
Gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal. Arbeidsfolk fortel m.m. er eit bokverk med i alt tre bøker som tek lesaren med frå dei gamle gruvetradisjonane i Setesdal heilt tilbake til 1500-talet til arbeidarkulturen som vaks fram rundt Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk i Evje. Forfattar er Sigmund Monen. Jostein Wasbø har vore produsent. Dei mange bileta i bøkene kjem i hovudsak frå Alf Georg Kjetså si biletsamling. Ivar Haugen har bidrege med internett-søk og innhenting av opplysningar om folketeljingar m.v. Utgjevar er Evje og Hornnes kommune. Dei tre bøkene til saman har meir enn 1500 sider tettpakka med tekst og historiske bilete. Bøkene blir seld i ein hendig samlekassett. Prisen for dei tre bøkene samla er 750 kroner. ISBN 978-82-690462-0-5.
Forfattar Sigmund Monen kallar dei tre bøkene ei annleis industrihistorie. Han understrekar at i alle tre bøkene er det i hovudsak industriarbeidarane sjølve som guidar lesaren gjennom dalens gruvehistorie og smelteverksindustri. Framstillinga i bøkene er såleis for ein stor del tufta på opplysningar innsamla gjennom eit intervjuprosjekt Monen gjennomførte 1970-1986 med intervju av mange gruve- og verksarbeidarar om livet i nikkelindustrien på 1900-talet.
Bøkene[endre]
- Bok I: Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje
- Bok II: Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie
- Bok III: Evje nikkelverk og bygda. Arbeidarhistorie
Kjelder[endre]
Føreord for heile intervjuprosjektet, i bok I side 5-14