Gruvearbeidarvegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Oppe på heia er vegen bare ein sti i dag. Haugefjellet til høgre.

Gruvearbeidarvegen er den vegen arbeidarane ved Flåt nikkelgruve brukte å gå for å kome frå bustadane sine i Ånelandsbygda (Åneland og Haugen) til arbeidsplassane sine ved gruva. Den første tida gruva var i drift fantes ikkje tettstaden Evje, og arbeidarane budde på gardane rundt i bygda. Det er Evje og Hornnes kommune som har gjeve vegen namnet i nyare tid. Vegen er merka som turløype.

Nærare om veglina[rediger]

Frå Åneland/Haugen gjekk vegen først i nord-vestleg retning opp ei bratt kleiv. Ved startpunktet står det i dag eit skilt merka «Allmannavegen». I kleiva kan ein fleire stadar sjå korleis vegen var mura opp. Denne delen av vegen fall saman med Postvegen som blei bygd rundt 1840. På toppen av kleiva kom ein til Hommemyr. Vegen gjekk over myra i kanten, og svinga så meir beint nordover forbi Haugefjellet på vestsida og fram til Landsverkplassen. Herfrå følgde han vegen frå Landsverk til gruva.

Kjelder[rediger]