Granheim Hotel

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Granheim i dag.

Granheim Hotel var eit hotell og seinare turiststasjon på Granheim nord på Hegland i Bygland. Hotellet kom i drift i 1898, og turiststasjonen heldt fram til rundt 1960.

På hotellet var det sengeplass til rundt 15 gjestar. Mange gjestar kom igjen år etter år. Mange nytta Granheim som utgangspunkt for turar til Gaukhei turisthytte og Pytten langt inne i Bygland vesthei. Det var mange engelskmenn innom på Granheim, og den engelske utanriksministeren skal ha budd her ei tid.

Dei som starta opp med hotelldrift på Granheim var Tarald Hallvardson Rysstad (f. 1853, d. 1931) og kona Ingebjørg Tallaksdotter Rysstad (f. Hegland 1869, d. 1935). Etter at dei var døde overtok Olav Bjørgulvson Langeid (f. 1895, d. 1986) og kona Birgit Grundesdotter Langeid (f. Austad 1895, d. 1979) eigedomen, og dreiv han vidare som turiststasjon. Dei opna også campingplass på jordet nede ved Otra, ved den gamle dampskipsbrygga.

Etter som åra gjekk, minka det på turistane. Dei fann andre vegar inn i Bygland vesthei. Rundt 1960 stengte turiststasjonen.

I dag er det Birgit Langeid Dahl (f. 1959) som har heimelen til eigedomen der hotellet var (bnr. 6). Bygningen er halden fint i stand.

Kjelder