Tarald Hallvardson Rysstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tarald Hallvardson Rysstad
Født: 1. desember 1853
Død: 7. juni 1931 (77 år)

Tarald Halvardsson Rysstad (fødd 1853, død 1931) styrte gardar for sokneprest Peter Blom i Valle og Vardal. Seinare flytta han til Granheim i Bygland med familien, der han bygde opp og dreiv Granheim Hotel saman med kona Ingebjørg Tallaksdotter Rysstad (f. Hegland 1869, d. 1935). På Granheim dreiv dei også landhandel og skysstasjon. I rundt 20 år var Tarald postopnar på Granheim.

Det var Tarald Rysstad som sette opp Gaukhei turisthytte i Bygland vesthei i 1898. Han sette då opp sag i Ljosåna i Lognadalen, og køyrde materialane på vinterføre inn til Gaukheivatnet der hytta blei sett opp.

Foreldra til Tarald var Halvard Hallvardson Rysstad og Sigrid Salvesdotter Rysstad (fødd Brokke) på bnr. 8 på Rysstad.

Kjelder[rediger]