Gorrlaus (undervisning)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Gorrlaus er eit folkemusikkprosjekt som blei starta opp hausten 2020. Det er eit undervisningsopplegg for barnehagar samt barne- og ungdomsskular i Bygland, Valle og Bykle kommunar. Prosjekteigar er Setesdal spelemannslag, som igjen «kjøper» prosjektleiing og drift av Valle kommune. Det er etablert ei styringsgruppe for prosjektet.

Gorrlaus har mål om at den oppveksande generasjonen i dei tre kommunane kan danse setesdalsgangar, kan dikte i stevform, kan minst to stevtonar og har kjennskap til hardingfele- og munnharpetradisjonen i Setesdal. Gjennom arbeidet får elevane lære om eigen kultur, og kan bli stolte av eigen identitet og kulturarv. Det langsiktige målet er at folkemusikkopplæring skal bli ein integrert del av undervisninga i barnehagar og grunnskular i øvre Setesdal, og kome inn i dei ordinære kommunebudsjetta og i den faste timeplanen i skulane.

Kjelder