Gerd Herborg Mæsel Daasvatn

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gerd Herborg Mæsel Daasvatn
Herborg Daasvatn.jpg
Foto: Privat
Født: 7. august 1938
Død: 21. oktober 1998 (60 år)

Gerd Herborg Mæsel Daasvatn (fødd 7. august 1938, død 21. oktober 1998) var husmor og lærar ved Evje ungdomsskule. Ho var dotter til sokneprest Tomas Mæsel og husmor Anna Mæsel. Mykje av ungdomstida var ho i Herefoss, der faren var prest.

Herborg var lærarvikar ved ulike skular i ungdomstida, men tok lærarutdanning i vaksen alder. Ho var adjunkt frå 1987 (cand. mag. med faga norsk, tysk og musikk). I ein alder av 59 år tok ho nordisk hovudfag og vart lektor. Ho hadde skiftande vikariat ved Evje ungdomsskule i tidsromet 1977-1982, og var tilsett i full stilling same stad fra januar 1988 til ho døydde. Ho hadde ulike verv i NUFO og Lærarforbundet gjennom mange år. Ho var kommunetillitsvald for Lærarforbundet i Evje og Hornnes frå forbundet vart skipa. Herborg var mykje musikkinteressert, og var vikarorganist i kyrkjene i Hornnes og Evje mange gonger. Ho var dirigent i Evje og Hornnes bygdekor i ei årrekke fram til ho døydde.

Herborg var gift med skuletannlege Arne Daasvatn. Dei budde mellom anna i Fyresdal, Nissedal, Treungen, Vigrestad og i Odda i Hardanger. I 1975 flytta dei med borna sine til Hornnes, der Arne hadde sin barndomsheim.

Herborg og Arne hadde åtte born saman: Finn Daasvatn, Geir Daasvatn, Ann Berit Mundal, Sigbjørn Daasvatn, Tor Daasvatn, Tomas Daasvatn, Knut Olav Daasvatn og Arnhild Daasvatn. Herborg døydde i ei trafikkulukke ved Mjåvatn i Froland saman med lærarkollegaen Magne Eriksen, då dei var på veg til lærarkurs i Arendal.

Kjelder