Knut Olav Daasvatn
Knut Olav Daasvatn![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Knut Olav 2012. Foto: Geir Daasvatn
| ||
Født: | 6. november 1969 (54 år) |
Knut Olav Daasvatn (fødd 6. november 1969) er seniorkonsulent ved Molekylærbiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Han er utdanna biokjemikar. Han vaks opp i Hornnes, og er son til Arne Daasvatn og Gerd Herborg Mæsel Daasvatn.
Sidan 1998 har han hatt ulike administrative stillingar ved Universitetet. Før han gjekk over i administrativt arbeid, dreiv han med forsking. Han har publisert fleire vitskaplege artiklar.
Knut Olav hadde lenge hatt skrivetrong. I godt vaksen alder, i 2007, skreiv han sitt første dikt. Frå 2009 har han vore fast bidragsytar til tidsskriftet Kraftverk, som Bergen kommune gjev ut. Han er med i Kammerpoetane, eit ensamble av poetar og musikarar, som nokre gonger i året møtast for å halde konsert med eigen musikk og eigen poesi. 23. mars 2014 hadde dei poesikonsert i Hornnes kyrkje, i Knut Olav si heimbygd. I 2020 kom han ut med nokre av dikta sine i Alle sorger, alle gleder – dikt. I april 2022 kom diktbok nr. 2, Hòlene ved Montignac.
Knut Olav har også nytta Dagbladet sitt Diktkammer som verkstad og møtestad med andre poetar. I april 2012 og mai 2013 var han «Månadens diktar» i Dagbladet. I 2011 og 2012 hadde han fleire dikt i Jol i Setesdal.
Ved sida av diktskrivinga er Knut Olav ein habil gitarspelar, og han bygger sine eigne gitarar.
Sjå også
Kjelder
- Profilen til Knut Olav Daasvatn på nettsida til Universitetet i Bergen
- Omtale av Knut Olav Daasvatn på heimesida til Kammerpoetane